Utvekslingsrapport: Oppholdet ved Hokkaido University of Education, Sapporo
Eg studerte 1 år japansk ved Hokkaido University of Education (HUE), ved skulen i Sapporo frå høsten 2010 til våren 2011. Når eg først kom inn ved skulen i Japan, så trudde eg at eg skulle dra til Hakodate i mitt andre semester, men slik blei det ikkje. Men eg er veldig gla eg fekk bli i Sapporo og beholdt vennene eg fekk der.
1.Buforhold
Skulen i Sapporo ligger 1 time nord for byen med tog. Eller 1 og ½ time vekke med sykkel. Eg budde i midten av da heila, ved ein leilighet som heite Kanfukan. Kanfukan var 1 av 3 valg skulen gav meg før eg drog til Japan. Huseigeren var ei gammel koselig dame, som til tide kan oppføre seg veldig moderlig, på godt og vondt. Første etasjen var ei kyrkje og ektemannen til huseigeren var presten der. Så kvar søndag var det messe og piano musikk. (Du trenger ikkje bli med på det viss du ikkje vil. Og musikken var ikkje høg nok til å være noko bry) Eg møtte bare ektemannen 2 ganger i løpet av året eg var der, men huseigeren såg me titt og ofte til.
Eg budde i andre etasjen i sammen med ei frå Alaska, ei frå Kanada og 2 jenter frå Kina. Dette var ein rein jenteleilighet, med bare utvekslingstudenter. Alle hadde sitt eige rom, som var ganske stort. Men til gjenngjeld så var det ingen stova der. Bare eit kjøkken. Som me alle delte på. Dysj, toalett, vaskemaskin delte me også. I begynnelsen var det litt vanskelig å prate med jentene frå Kina, då eg ikkje var så flink i japansk, og dei kunne ikkje prata engelsk. Men eg kom langt med kroppspråk.
Som sagt var huseigeren ei stor hønemor, og ho tok ut søppelet og av og til gjorde litt reint om på kjøkkenet. Ho inviterte oss på julemiddag og andre opplegg som ho lagde til nede. I tillegg til å ha ansvaret for å leige ut andre etasjen, så lærte ho vekk engelsk til både barn og vaksne i første etasjen, så engelsken hennes var veldig bra.
Guttekollektivet var rett atmed skulen. Ergo da tar bare 4-5minutter å gå til klasserommet. Forholdene der var ikkje så veldig bra. Alt blei styrt av studentene sjølv, så det var mange regler som blei brutt. Blant anna var det mykje røyking inne og festing. I tillegg til regler så blei brutt, så var det andre regler som blei følgt nesten te da ekstrema. Slik som regler om å møte opp til møter og om å være med på reinhald. Og viss du ikkje møtte opp, så måtte du skriva nesten ein heil stil om koffor du ikkje kom. Men på den lyse siden så var det utrolig billig å bu der, og du fekk bu i sammen med japanske studenter. Så for japansken sin skyld så er guttekollektivet greit. Og for dei som elske festing, drikking og røyking, så er guttekollektivet perfekt. Men for dei som har lyst å ha da litt stille, ikkje ha røyklukt rundt seg konstant, bør velga ein annan plass å bu. Da var leilighetar i nærheten av skulen som var mulig å velga også. Litt dyrare då men.
Jentekollektivet på den andre siden låg i byen. Forholdene der var ganske bra. Likavell om studentane styrte da, så var da reint og ryddigt. Ingen røyking innendørs, og ganske stille etter klokka 11. Likt som guttekollektivet var det mange obligatoriske møter og reinhalds oppgaver.
Det tar ca 1 ½ time frå jentekollektivet til skulen. Så da blir mykje reising kvar dag. Men på den andre sio, så er du i byen. Alt er veldig lett tilgjenngelig og da er mykje som skjer.
2.Byen
Sapporo er ein utrolig by! Den har ein befolkning på rundt 2 millioner, men utenom juletider og nyttår, så føles det ikkje slik. For dei som liker shopping, så er Sapporo reine himmelen. Eg har aldri sitt så mange butikker i mitt liv, og eg fekk sikkert bare gått igjennom ein brøkdel iløpet av året mitt i Sapporo. I tillegg er det utrolig mange festivaler hele året rundt. Frå øl-festival til diverse blomster-festivaler. Og eg må såklart ikkje glømma den berømte snøfestivalen! Men min favoritt var Yosakoi Soran festivalen som var i juni. Ein dansefestival/konkurranse med rundt 1000 personer som deltok! Eg har aldri sett noko så tøft!
I tillegg har Sapporo masse nydelig natur og fjell rundt seg. Eg er ein person som elske natur, så å ha muligheten til å ta seg ein fjelltur i ny og ne har var hærligt. Også var det veldig lett å sykle rundt om i Sapporo. Det var også lett å skaffe seg ein billig brukt sykkel til rundt 200-300lappen.
3.Skulen
Skulen var ganske liten i forhold til Universitetet i Bergen, og utvekslingstudentene var heller ikkje så mange. Men det gjorde det lettere å bli kjent med folk i mi meining. Å skaffa japanske venner er ikkje lett viss japansk nivået ditt er lavt. Eg tok utveksling etter å bare studert 1 semester ved UiB, så første veka mi var utrolig tøff. All informasjonen var på japansk, og nesten alt papirarbeid var på japansk. Eg fekk heldigvis stor hjelp av mine 2 romkamerater frå Alaska og Kanada. Så etter 1 veke med superstress, grining og ønske om å dra heim, så blei ting mykje bedre når da normale skulelivet begynte. Læraren min første semesteret var Tsubakihara sensei. Ei utrolig koselig gammel dame. Ho kunne så og seia ingen engelsk, men ho var veldig omtenksom og behjelpelig når eg ikkje forsto noko som helst. I tillegg fekk eg gratis ekstra undervisning 1 gang i veka for å greia å komma meg opp på da samma nivået som dei andre som hadde minst studert 2 år med japansk som var i klassen min. Klassen var ganske liten. Da var meg og 4 andre.
Men tilbake med å få japanske venner. Frå begynnelsen adopterte Minapa, ei gruppa ved skulen for folk som "elske" utlendinger, meg og dei andre utvekslingstudentane. Engelsk nivået deiras var ikkje til å skryta av, og i tillegg virka dei ukomfortable å prata engelsk. Så for min del som ikkje kunne prata japansk i begynnelsen, så var det vanskeligt å prata med dei. Men dei hadde mange sosiale eventer. Og med tanke å kunna praktisere japansken, så er den gruppa perfekt. I tillegg var det mange ander grupper ved skulen. Kendo, tegnspråk, te-sermoni osv. Så den beste plassen å skaffe japanske venner er å bli med i ei av dei gruppene.
Alle lærarane ved skulen var veldig kjekke å ha med å gjere. I tillegg så fekk eg ein vertsfamilie som eg budde i sammen med for 1 veka, for deretter å møta dei når eg ville. Vertsfamilie programmet skjedde 1 måned etter skulen begynte ved HUE. Vertsfamilie programmet var veldigt kjekt. Eg tilbrakte også nyttår i sammen med vertsfamilien min, noko som var utrolig spennandes! Nyttår i Japan er ganske ulikt enn i Norge. For det første, så er maten veldig forskjellig. Og for det andre, så sender dei ikkje opp raketter! Det var ein merkelig opplevelse. Klokka slo 12.... Ingen lyd... Ingen raketter... Men da betyr ikkje at dei ikkje har raketta her i Japan! Gitt om dei har! Ein av festivalane her, så sendte dei opp 4000raketter i løpet av ein kveld.
Første semesteret tok eg eit intenst japansk kurs. Da var ein god del lekser og prøver, men ikkje så masse at eg følte eg ikkje hadde noko fritid. Andre semesteret fekk eg lov til å delta i nokre klassar i sammen med japanske studentar. Da var mulig å ta rundt 3-4 klassar utenom dei fagene som du måtte ta. Eg valgte ingen av dei valgfrie, pga all undervisningen foregjekk på japansk i sammen med japanske elevar og eg følte ikkje nivået mitt var høgt nok til å klara da. Vennene mine tok fagene derimot, og da virka ikkje som fagene var egentlig så vanskelige. Du måtte iløpet av semesteret levera inn 3-4 oppgaver som du fekk av læraren. Nokre fag hadde prøver. Men da var ingen eksamen. Eg deltok i bare 1 fag i sammen med japanske elevar, eit fag som ikkje var valgfritt. Da gjekk ut på å laga ein klasse time for ein 4klasse og så framføra da forand klassen.
Eg fekk 4timers undervisning i japansk andre semesteret, men da var på ingen måte så intens som første semesteret, og eg fekk nesten ingen leksa og da var ingen prøver. Alt fokuset var derimot på ei stor oppgave som me alle måtte skriva. 8000tegn, ca 8-10sider, på japansk, om eit valgfritt tema. Eg hadde 1 dag i veka der læraren gjekk igjennom korleis å skriva oppgava, og i tillegg måtte me vekentlig levera inn ei ny utgave av stilen. Eg vil no kalla da ei bachelor-oppgave for den var veldig krevandes. I tillegg fekk alle ein japansk elev for rådgiving , som me møtte 1 gang i veka for å hjelpa oss med oppgava våras. Som avsluttning hadde me ein 10 minuters framføring av oppgava våres som me framførte forand lærarane, dei andre utvekslingstudentene og andre som hadde lyst å komme og høyre på. Alt var så klart på japansk.
Da kan kanskje høyres veldig skremmendes å komma til ein skule der alt foregår på japansk, men da går i grunnen ganske fint. Og eg meine da er den beste måten å læra seg japansk! Bare hoppa uti da! Eg hadde eit av mine beste år ved HUE, og eg har fått venner for livet der. I tillegg til mine japanske foreldre som har tatt godt vare på meg! =)
4.Råd
- Ta med gode klær. Da kan bli opp til 3 meter med snø ved skulen.
- Skiklær er ikkje nødvendig å ta med seg, då det er mulig å låne det ved skisenterene.
- Send ting heim med "funabin" 「船便」. Da tar ca 3 måneder å nå fram til Norge, men da er veldig billigt. 30Kg er ca 800kr. Ps. Du kan også få postmannen til å komma til der du bur og plukka opp pakken du vil senda. (Overvekt på den andre sio, er spinndyrt. Eg fekk 220 000yen overvekt for 22kg. Ca 15000kr. Heldigvis fekk eg rabatt, då eg reiste rett etter jordskjelvet og alt da hendte og dei syntes synd på meg. Så eg betalte bare 3000kr til slutt)
- Send bagasjen til flyplassen. Viss du reise heim med 2 store bagasjer og ein håndbagasje, så er da ikkje så lett å komma seg til flyplassen ved utenom å ta taxi. Taxi koste rundt 1000kr. Å senda 1 bagasje (ca 20kg) koste rundt 200kr.
- Gå og et soupcurry! (nam!)
- Minibankar er ikkje opne 24 tima i døgnet! Og da er stengt ved jul og nyttårstider. Pass på å ha nok penger i tillfelle krise. Også er det vanskeligt å bruke kreditkort øve alt, då mange plasser bare akseptere penger kontant.
- Ta med internasjonalt førarkort. Da koste rundt 200kr. Du kan skaffe det ved NAF. (Tog og buss er dyrt. Og ikkje alltid så bra)
- Viss du vil reisa rundt med tog, så bør du sjekka opp i sheishun 18 kippu. (Er for alle alder, ikkje spør meg koffor dei har skreve 18 der) Billige togbilletter.
5.Jordskjelvet, tsunamien og atomkraftverket i mars 2011
Eg hadde dagen før komt tilbake til Sapporo etter ein 3 vekers reise rundt om i Japan, då jordskjelvet skjedde. Romkameraten min og eg var ved ein dvd-utleige butikk når da skjedde. Hyllene vingla fram og tilbake og dvda datt i bakken. Men da var ingen panikk i butikken. Folk holdt seg roligt. Noken gjekk sagte ut, mens dei ansette sto og prøvde å holda hyllene i ro. Eg må seia da var litt ækkelt. Men Sapporo er ein veldig trygg plass når da kommer til jordskjelv. I tillegg ligger Sapporo på den nordøstlige siden av Japan så tsunamien rammet ikkje Sapporo. Fukushima er langt vekke og vindane har ikkje ført opp radiaktivitet til Sapporo så langt eg er kjent med. Så Sapporo er endo ein trygg plass å studera.
Eg valgte å reisa heim til Norge i 2 veker etter hendelsen, i tillfelle ting blei verre. ANSA (Association of Norwegian Students Abroad) hjalp meg mykje. I tillegg gjor UiB ein god job etter naturkatastrofen synes eg. Trass i råd frå UiB å ikkje dra tilbake til Sapporo, så valgte eg å gjera da.
God tur til HUE! Du vil ikkje angra da! =)
- Vibeke
00:07 |
Category: |
0
kommentarer


Comments (0)